Program Billettar Unge talent Historie Stiftinga Kontakt Overnatting

Unge Talent

SEMINAR FOR UNGE JAZZMUSIKARAR

"Unge Talent" har etter kvart utvikla seg til å bli eit særs populært og viktig innslag i jazzfestivalen Balejazz. Kvart år vert godt og vel 20 unge musikarar samla for å jobbe fram ei musikalsk framsyning. Dei fleste kjem attende år etter år, og publikumstilstrøyminga berre aukar for kvar gong. Dette er det interesse for!

For syttande året på rad inviterer Balejazz til seminar for unge musikalske talent med spesiell interesse for jazz og improvisasjonsprega rytmisk musikk. Her er det høve til å vidareutvikle seg og få ny inspirasjon i samspel med andre ungdomar frå heile fylket – som alltid under kyndig rettleiing av dyktige og erfarne musikarar.

Seminaret startar fredag 6. mai kl. 16:30
Øvingsstad: Sagatun skule
Seminaravgift: kr. 600.- (inkludert undervisning, alle måltid og overnatting i Belehalli).

Seminaret vert avslutta med konsert på profesjonelt utstyrt scene i Kviknesalen søndag 8. mai kl. 12:00.

Instruktørar:
Dag Arnesen, piano
Roar Sandnes, saksofonar
Ole Marius Sandberg, bass/ kontrabass

Koordinator/ hjelpeinstruktør: Solveig Berstad Sande

Vi set stor pris på at du kan gjere dette kjent for andre musikarar som kan ha glede av å vere med på seminaret!

Bruk elektrisk søknadsskjema HER

Søknadsfrist: 20. april 2015. Etter søknadsfrist vil dei som er tekne med få praktiske opplysningar og faktura for seminaret. Fakturaen må vere betalt før seminarstart til  konto  3720 16 71435   


For meir informasjon:
Solveig Berstad Sande tlf. 99 23 20 17, solveig@kringsja.no



Solution by