Pris: GRATIS
: Kviknesalen
"Unge Talent" har etter kvart utvikla seg til å bli eit særs populært og viktig innslag i jazzfestivalen Balejazz. Kvart år vert godt og vel 20 unge musikarar samla for å jobbe fram ei musikalsk framsyning. Dei fleste kjem attende år etter år, og publikumstilstrøyminga berre aukar for kvar gong. Dette er det interesse for!
På Unge Talent kjem born under 15 år gratis inn.